fredag 29. oktober 2010

Twitter

Twitter føyer seg i rekkja over diskusjons-/publikasjons-/referanse-alternativ. Syns Twitter er oversiktlig og enkel og orientere seg i, og ser at Bømlo folkebibliotek nyttar dette nettsamfunnet på ein god måte.

Origo

Origo ser ut til å være ei nyttig side å publisere aktivitetar på. Den er nok kjent blant folk, ettersom den nyttar seg av lokalavisa, og stadig dukkar opp der. Søkte på bibliotekarrangement på Kystpuls, og fekk ingen treff. Elles var her mykje interessant, både lokalt og nasjonalt, men sidene var treige å få fram, så her gjekk eg fort lei. Origo ser eg nytteverdien av hvis eg skal ha arrangement i biblioteket bl.a.

mandag 25. oktober 2010

Facebook

Som tidlegare nemnt har eg vore medlem på Facebook nokre år, og likar meg godt her blant mine venner. Innbiller meg at det er trygt og at eg kan bestemme kven som kan være mine venner.
Bedriftsside for biblioteket må være svært aktuelt, sidan dette er eit nettsamfunn elevane nyttar heile tida, så her har eg ein jobb å gjere. Er nok meir effektivt enn heimesida til skulen.

Nettsamfunn

Har hatt Hotmail. i mange år og brukt det mykje både i kommunikasjon med slekt, venner, og i korpset. Facebook tok eg i bruk etter eit klassetreff på Eid, og mange av mine venner er gamle klassekameratar. Gmail er berre i startgropa endå, krev at eg brukar tid på å opprette nye kontakter. Felles for alle er at ein må tenkje seg om to gonger før ein publiserar noko, alt blir jo liggande "ute" til evig tid. Bilder må ein og være forsiktig med, og tenkje grundig gjennom kva som skal offentliggjerast. Alle involverte må sjølvsagt gje løyve før ein publiserer noko. Etter medieoppslag om misbruk, tenkjer eg sjølvsat på om dette er noko som kan ramme meg.
Sosiale bokmerker, tja, eg slit med entusiasmen!  Library thing virkar uaktuelt i min kvardag, men Bokelskere har eg sansen for. Eit fåtal av elevane vil syns om det, men lærarane vil nok like dette, så her må eg ut å markedsføre. Delicious har uendelig mykje interessant utanom bibliotek, både blomster, hage og  tips om turar i fjellet. Her ser det ut til å være både nyttige og unyttige ting, både til jobb og fritid.

tirsdag 12. oktober 2010

Nyheitsstraumar og iGoogle

Så langt gjer eg berre leksa mi, men klart det kan bli nyttig hvis eg ein gong blir pensjonist og får god tid til å leike med PC`en.

Direkte kommunikasjon

Er ikkje sikker på om eg er så glad i kommunisere med folk eg ikkje høyrer stemma til.